Forum for VWACB

O.T Kjøp og Salg => O.T Kjøp og Salg => Emne startet av: Ivar på Torsdag 04.10.2012, 08:09:59



Tittel: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 04.10.2012, 08:09:59
Så er eg i gong.
Er nødt for å redusera dungen, så då får me sjå om det ikkje er andre som kanskje treng litt påfyll?!? ;D
For at det skal skje mest mogeleg ryddig, vil eg ha alle (skam-)bud i tråden. Høgaste bud vert akseptert heilt plutseleg. Ser ingen vits i å ha ting liggande i det uendelige for å få ein tjuar ekstra.
Befraktning skjer for kjøpers kostnad.
Spørsmål og svar tar me fortløpande, sjølv om eg har grunn til å tru eg kan halde denne tråden i live i evigheter......


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 04.10.2012, 08:16:18
Då vil eg begynne med Redningsvestar, sjølv om sesongen er på hell.
Det er 7 stk. Desse er heile og fine, med refleks og fløyte (trur det mangler fløyte på 2-3 stk)
Dei er produsert i Bergen av Finn Chr. Olsen & Søn a/s, for lenge sidan, til M/F Kleppestø
Har sjølvsagt mest lyst å selje dei under eitt (kvantumsrabatt?!?)

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

[attachment=5]

[attachment=6]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 04.10.2012, 08:24:33
Mørketida er her, så litt lys er vel på sin plass :D
Her er ei sykkellykt som etter sigande er frå før ein eller annan krig.
Desverre så mangler den braketten som skulle stått på sykkelen. Det ser ut til å vera ein form for hurtigkobling på denne.
Elles ser den ut for å vera heil og komplett. Kanskje nokon veit om andre detaljer??

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

[attachment=5]

[attachment=6]

[attachment=7]

[attachment=8]

[attachment=9]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloTorsdag 04.10.2012, 17:06:05
100 fø lykt :)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: hansTorsdag 04.10.2012, 18:28:04
må by på lykt jeg og (sry christer)   150 kr


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloFredag 05.10.2012, 00:00:59
da skal du få lov til! for eg har jo igrunn ingen skamgammal sykkel å bruka denne lykta på heller :)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 05.10.2012, 07:03:09
Bud er notert.

Neste ut er for dei med hol i eksosanlegget?!?
Her er 4 sett, komplette masker. Den eine er opna. Dvs at pappen inni maska er borte og likeså forseglinga på ein filteret.
Dei 3 andre setta er 100% ubrukte.
Som det viser på bildet, så er alle datert aug 1937!!

[attachment=1]
Her er alle

[attachment=2]
Filter

[attachment=3] 
Forsegling

[attachment=4]
Innvendig beskyttelsespapp

[attachment=5]


[attachment=6]

[attachment=7]

[attachment=8]

[attachment=9]
Trur det er mulig å skifte glassa

[attachment=10]
Filteret som har vore ''i bruk''


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: OldBugFredag 05.10.2012, 07:26:01
Starter med 100kr for en maske! ;)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: andreasbFredag 05.10.2012, 20:27:45
Da byr jeg 300 for 3 masker.

Andreas.


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloLørdag 06.10.2012, 01:20:27
200 for 1. (mangt ka du har liggande ivar!! :o)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 08:56:33
må by på lykt jeg og (sry christer)   150 kr

Då seier me det slik. Lykta er solgt til Hans


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 09:13:25
.....Desse maskene blei kompliserte ser eg.
Tenkte at alle skulle seljast under eitt
Har lyst at dette skal bli ryddig opplegg.

Kan me sei 150,- pr maske og 100,- for den brukte ???

Og at det er 'mangt' på verkstaden Christer, er ikkje tull 8)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: OldBugLørdag 06.10.2012, 09:20:24
Jeg betaler 150! ;) Kan også betale 100 for den brukte, om noen vil ha ubrukt! isje så nøje ;D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 09:29:18
Jeg betaler 150! ;) Kan også betale 100 for den brukte, om noen vil ha ubrukt! isje så nøje ;D

Då er første ubrukte solgt for150,-. Hente/bringe kan me ta på PM


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: OldBugLørdag 06.10.2012, 09:52:48
Supert. Du har pm! :thup


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: andreasbLørdag 06.10.2012, 11:03:41
Da tar jeg 2 ubrukte


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloLørdag 06.10.2012, 11:50:47
tar gjerne ei maska vist da er igjen nokon. brukt eller nytt samesame


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 11:53:50
Då er det 1 brukt til Tistlo og 2 nye til andreasb.
Dette betyr at det er tomt for masker.

Det gjekk så fort, at prisen var sikkert 'kundevennlig' :D
Det er bra!

Me tar henting og bringing på PM


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 12:30:36
Det hender gamle bilar brenn. Då kan det vera godt å ha ein gammal brannslukkar.....?!?
Denne er av merket 'Trygg' og er eit norsk produkt. Kor vidt den framleis er trygg skal vera usagt.
Etter det eg veit, har den heller ikkje vore i bruk nokon gong. Den selges med stativ for veggmontasje.

Uskker på kva slikt er verdt, så kom med nokon bud ;)

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 06.10.2012, 12:39:49
Siste ut no før helga er denne 2 bluss Optimus primus, frå seint 70-tall (sidan det er rensenål innebygd i brennarane)
Desverre mangler det eit deksel på eine brennaren og ristene til å sette kaffikanna og vaffelpresso på. (derav to bluss)
Emaljen er ganske fin, og eg vaska lett over den, og meiner at med bittelitt Autosol ol så er den fin igjen.
Elles ser pumpa, tank og brennarane heile og intakte ut. Den var i bruk like til båten sokk, ein gong på 80-talet.
Denne skal det vera mulig å få deler til, utan at eg har prøvd.

Nokon som føler behovet presse seg på?

Flott retrodesign
[attachment=1]

aksida med fyllestuss
[attachment=2]

Under er både tank og deler i messing
[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloLørdag 06.10.2012, 15:19:08
føler meg u trygg so eg byr 200 for slokkaren


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarSøndag 07.10.2012, 11:25:19
føler meg u trygg so eg byr 200 for slokkaren
Da er minsteprisen oppnaadd, og det blir det trygge forhold hos Tistlo i framtida:-)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 09.10.2012, 08:47:34
Evigunge BP er jo alltid poppis.
I denne omgangen har eg 3 stk BP 25kg Vaskemiddelkanner......
Dei er tomme og reingjorte, og kunne sikkert ha vore vaska ytterligare på utsida.
Passer jo fint inn i alle anstendige garasjesamlinger, eller pakpå planet :thup
Kom med prisforslag pr enhet


[attachment=1]

lik på begge sider
[attachment=2]

[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: andreasbSøndag 14.10.2012, 13:39:39
50kr stk.

Hilsen Andreasb


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 18.10.2012, 07:37:36
Hei Andreasb,
 50,- er greitt. Vil du ha alle 3??


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 18.10.2012, 07:43:18
Neste ut er rein lykke ;)

Ser tilsynelatande ubrukt ut, og er svært liten. Står 3 på baksida, så kanskje det betyr 3'' = 76,2mm??
Sikkert nokon som er professorer på dette også.
Eg har kun ein, og ikkje har eg ponny heller (utanom dei i Plokkopp'en ;D)

Kom med bud, 20,-??
[attachment=1]

[attachment=2]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 18.10.2012, 07:49:56
Av og til går ting som smurt.

I motsatt fall må ting smørjast. Då er det gjerne greitt å gjera det med stil :thup

Her er ei 'klikk' oljekanne for dei små og delikate jobbane.
Ser det står nokon bokstaver på oppsida, men greidde ikkje å tyda dei... D.T.G.M ?

Vil tru dette er eit førkrigs produkt. Tuten er til å skru av for påfylling

Kom opp med bud.
[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 18.10.2012, 07:55:02
Enkelte har lansert påstanden om at andre er skrudde.

Her er i alle fall eit verktøy som gjer det mulig å betjene skruer på ein tidsriktig måte.

Bøkeskaft utan slagmerker, messingbeslag og heil og fin i spissen

Denne må vel vera verdt ein melkesjokolade :P

[attachment=1]

[attachment=2]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: andreasbTorsdag 18.10.2012, 23:00:39
Hei Andreasb,
 50,- er greitt. Vil du ha alle 3??

Ok. Pm igjen til deg.


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 15.12.2012, 21:37:26
Kommode!

Denne gongen er det ein utrulig lite brukt Ikea kommode som må bort.
Finn kun eit eller to små ubetydelige hakk i sokkelen.
Ser dei sel tilsvarande for 800,- no.

Nokon som byr 300,- og ein melkesjokolade??

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]



Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: Jan-HenrikSøndag 16.12.2012, 16:46:34
Kan bytte en gassovn i kommoden og primus.
Evt. 500,- i mynt.

Hvor holder du hus?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarSøndag 16.12.2012, 23:24:38
Kommoden forsvant i formiddag, så det gjekk extremt fort.

Primusen er sjølvsagt her fortsatt......

Det kommer ein ny kommode, som er kjempeflott til alle typer manualer og papirer i A4 format
Laga av bjørkefiner og er solid og god. Skuffer i to forskjellige høgder.

Førstemann med 200,- og ein Toppris ???!?

Kanskje ein ide med PM, om dette også skulle finne på å gå fort? (sidan eg ikkje er innlogga 24/7)

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SanderMandag 17.12.2012, 00:33:00
Tar den eg!


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarMandag 17.12.2012, 17:02:13
Tar den eg!

Då er eg pålogga igjen.
Var ein grunn for at eg skreiv;
'Kanskje ein ide med PM, om dette også skulle finne på å gå fort? (sidan eg ikkje er innlogga 24/7)'
Denne var solgt på eit svisj i dag tidleg, lenge før eg hadde sett svaret ditt Sander, Beklager :(


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 08.10.2013, 11:13:13
Advarsel: Dette er minst 120 dager siden siste innlegg i dette emnet ble skrevet.
Hvis du ikke er sikker på at du vil skrive et svar, bør du vurdere å i stedet starte et nytt emne.

Er ikkje så flink til å rydde..... andre som kjenner seg igjen?
Det har i alle fall dukka opp litt:
- MAG tohjulstraktormotor utan tennplugg og forgassar, men med strømspole og tenningspole med plugghette.
   Meiner den er på ca 400 ccm
- 2x Briggs & Stratton plenklypparar. 'Begge gjekk når dei blei satt bort'......klassisk!
- 4x ganske så fine, originale, rustfrie, heildekkande Mini Cooper S hjulkapslar frå seint 60 tidleg 70 (før alufelgane kom)
- Ein stor, tilårskommen bordfres i støpejern med 30 mm spindel. Tung
- Funkis sofa + 2x sofastolar. 40 taller. Fantastisk fast og god å sitte i, men slitent exteriør.
- Eit bredt utvalg av gamle fyllingsdører både med og utan karm


Lurer stadig på kor alt kommer frå??
Bilder dukker plutselig opp. Eventuelt ved masing :P


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarMandag 17.03.2014, 07:46:09
 Så har eg greve litt i dungen igjen :P

Først ut er flott vask. Kun prøvemontert og lett brukt i nokon veker. Med festebeslag og siler.
[attachment=5]
Pris = bud

For bussfolket (eller andre folk med ambisjoner) har eg liggande fabrikkny 12V kjølekompressor med fordamper. For kjøleskap/box inntil 130 liter.
[attachment=1]
[attachment=2]
[attachment=3]
Nypris er ca 4000,-  Bud over 2000,- mottas

Vidare er det 4 stk småslitne 13' hjulpynt
[attachment=4]
Bud over melkesjokolade


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 25.03.2014, 22:27:18
Kjem snart for salg:
Fantastisk god 96hk Yanmar 4JH3 HTE m/sluregear.
Motoren blei kjøpt for å ha i eigen båt, og nøye gjennomgått, med nært samarbeid med Yanmar Norge
 - Ordentlig nyoverhalt turbo
 - Nye stempler, med oppdaterte oljekanaler, og fjører
 - Nytt bakerste rammelager
 - Freste ventilseter, og slipte ventiler
 - Nye ventiltetningar
 - Nye dysespissar
 - Ny svingningsdempar
Sjølvsagt nye filter, termostat, impellar, pakningar, lakk osv

Det eg hugser at følger med i lausvekt er:
 - Motorpanel
 - Gummilabber
 - Klemflens til aksling
 - Ny kabelstokk frå motor til panel
 - Ny ekspansjonstank
 - Ny gass/gearhendel
 - Ubrukt lyddemper
 - Ubrukt laaaang propellaksling med vannsmurt stevnflens, hylse m/pakkboks
 - Utvendig vannsmurt støttebrakett for aksling
 - Ny balansert propell
 - Ny ubalansert propell
 - Litt brukt profilror i rustfritt m/rorhylse og rustfri tauavviser
 - Ny hydraulisk styresylinder, med festebeslag, bronse rorkult, hydraulikkslanger og rattpumpe
Sikkert noko meir som eg har gløymt også.....

Motor er starta og kjørt etteroverhalinga. Står fortsatt i bukk, og kan prøvekjørast. Den har gått ca 600 timar.
Nypris på utstyret som følger med er 59.000,-
Tilsvarande motor ser eg på finn har vore prisa til 90 - 110.000,-
Selges samla for 110.000,- ved rask avgjerd, eller bud

her er data frå Yanmar Norge:
http://www.yanmar.no/arch/_img/9050536.pdf

Bilder kommer så snart eg har fått samla alt lausøyra.

Ta gjerne kontakt for utfyllande opplysningar :D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 25.09.2014, 09:46:08
Då er mykje borte, men stadig nye ting dukker opp

Har to fantastisk flotte 200l parafinfat med kraner. Frie for rust utanpå og inni.
Kan byttes i ein Toppris.
[attachment=1]

Eg kan sjølvsagt levera over heile landet mot køyretillegg ;D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: hansTorsdag 25.09.2014, 10:33:55
du kan få en toppris for hver. hvor holdt du til sa du ?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanTorsdag 25.09.2014, 14:28:07
Er du sikker på at felgringene med gitter er 13-toms..? Disse var veldig vanlige på boble, og da er de til 15-toms hjul.


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 25.09.2014, 18:30:09
du kan få en toppris for hver. hvor holdt du til sa du ?
Deal :D
Eg bur på Askøy, men jobber i byd'n, om det hjelper.
Kan ta dei med vederlagsfritt ein dag eventuelt


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 25.09.2014, 18:32:11
Er du sikker på at felgringene med gitter er 13-toms..? Disse var veldig vanlige på boble, og da er de til 15-toms hjul.
Meiner eg heldt ein målestav oppåt, men eg kan jo måla ein gong til, ein dag.
Dei kom i eit lass med bobledeler eg pådrog meg ein gong, så kanskje


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 18.10.2014, 14:38:53
Er du sikker på at felgringene med gitter er 13-toms..? Disse var veldig vanlige på boble, og da er de til 15-toms hjul.
Meiner eg heldt ein målestav oppåt, men eg kan jo måla ein gong til, ein dag.
Dei kom i eit lass med bobledeler eg pådrog meg ein gong, så kanskje
No har eg målt igjen, og det må vera dei minste 15-tommarane eg har sett. Dei er er 335mm ytterdiameter, som eg får til å bli veldig 13''  ;D
Tilsynelatande i fin stand, og ledige på markedet........


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarOnsdag 12.11.2014, 09:01:48
Rydder rundt dørane no før vinteren, og gir derfor bort gratis:
Understell til 3,66m trampoline. Ringen rundt og bein. Ligg ubrukt i originalemballasjen :thup

Sjølvsagt kan eg levera på døra, men mot køyretillegg ;D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: sveinekaFredag 14.11.2014, 21:28:17
sikkert fin til å lage karosseri rulle av😄


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 18.11.2014, 08:48:14
Denne MÅ bort før neste helg pga arrangement i hagen......
Ingen som har blåst bort ila hausten???


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloTirsdag 18.11.2014, 16:40:33
sett den atmed ein litt traffikert veg so vert den henta av polskie`ane ei natt


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 21.11.2014, 09:28:37
Eg bur langsmed ein traffikert veg. Denne ligg 8m frå grøfta, og har lege her sidan Mai...... Så tanken din er god, men den funka visst ikkje :-\


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: NordtveitFredag 21.11.2014, 17:46:55
et tips til hva trampolinebøylene kan brukes til  :thup  ;D
https://www.facebook.com/photo.php?fbid=10152547465872362&set=pcb.883027028384900&type=1&theater


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 05.02.2015, 19:00:26
Ja, eg veit me fortsatt er midt i sesongen, men likevel;
4stk 195/65x15 halvkøyrte piggdekk utan pigg. På Opel alu felgar 5x110

Heilt greie til ein  vinter og to til. Liten lekkasje mellom felg og dekk på tre av dei.

Byttes glatt i Topris eller annan sjokolade  ;D

Kan levera fraktfritt mellom Askøy og sentrum :thup andre plassar på forespørsel........


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarSøndag 15.11.2015, 21:05:23
Går fortsatt trått denne ryddinga. Måtte ha ei økt igjen i dag, for å få inn motorsykkelen for vinteren.
Då kom eg over to heile lengder (a 3m) isolert 250mm spirorøyr. Har også ein pose med nokon bend og skøytar. Og litt meir isolasjon. Desse har eg kjøpt heilt nye, og har ikkje brukt dei til anna enn husafyll ;-)
Hyggeleg samlepris for alt. 500,-  eller bytte i fantastisk gode/nye viskararmar til late bay.
Har også ståande eit utruleg flott gammalt tegnebord i heiltre. Hev-senk-tilt og med skuffe under. Flotte beslag og detaljer. Forståsegpåarar snakker om 20-tallet, eller seinast tidleg 30. Yppers til å ha oppslag og plakatar på i verkstaden, om ein ikkje har andre finurlege tildragningar. Har sjølv gitt 1000,- men tar imot alle mulige bud
Bilder kjem........
Her er røyrane: Selde, alle ihop
[attachment=1]
2stk 2,4m og 1stk 0,9m
Skambud mottas ;-)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 07:47:11
AiAiAi
Nytt 120 dagers varsel.
Er ikkje så flink å rydde altso.
Men i dag tar eg ei ny økt, og har fått poden med til å hjelpa.

I god tråd-ånd vil eg legge det ut her eit par dagar, før eg legg på ei skrotside på face.
Så då er det berre å følga med karar ;D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 08:51:29
20l jerrykanner
Ingen minstepris

Grøn merka med 1975 og PNSeld
Blå med BP logo
Begge er heilt tette, og eg har brukt dei til diesel til traktoren
[attachment=1]
[attachment=2]

[attachment=3]
[attachment=4]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:02:48
[attachment=1]
Ubrukt Biltema sykkelstativ for ein sykkel
Gratis


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:05:09
5x 500 kg krokar
50,- for alle
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:24:34
Mure utepeis?
Her er Plewa maxi pipeelement 25x25 cm
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:26:01
Mure bakarovn i hagen?
Har 57stk ISOLASJONSSTEIN ligner på 'flytestein'
5,- pr stk
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:27:11
Arbeidsbord til vinteren?
Her er deler til understell, og noko hjulgreier trur eg også at det er....(edit; finn ikkje dei andre hjula, sikkert gitt bort tidlegare)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:37:39
Flotte deler til punktavsug
200,-?
[attachment=1]

....og der dukka det opp ein grisehale til
[attachment=2]

.....250,-?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:39:45
For hurtigekspedisjon anbefales melding ellet fonetisk kontakt på 400 70 888 :D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 09:54:41
Ser på foruma at det er kaldsmedar nok der ute.
Nokon som driv med varmt arbeide også?

Her er muligheita i alle fall. Så godt som ubrukt esse, utan vifte, men med ein liten pose kol.
Bud over 800,-
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 10:39:06
Denne var kanskje lenger oppe også, men peiser på igjen
Ingen minstepris, ingen forkunnskap. As is
[attachment=1]
[attachment=2]
[attachment=3]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 11:00:14
Ubrukt, åpna i originalembalasje, setetrekk frå vår alles store venn
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 11:15:46
Nokon som frys?
Minner igjen om at det ikkje er nokon minstepris ;-)
[attachment=1]



Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 11:21:03
(For-)lite brukt luftslange. Dette er ikkje BT-produkt til 599,-
Bud fra 400,-
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 11:49:46
Om ein er SKIKKELEG svolten treng ein jo matboks for mannfolk.
Her er med stativ for sandwich i tre etasjar
Bud over 100,-
[attachment=1]
[attachment=2]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 12:50:35
Etter at eg var ferdig med å byggje bakeriet, har eg overskudd på litt laftetømmer.
Autentisk, tørr, rein og fin i 3" furu.
Dei grøne er omlag 1m lange, og dei andre omlag 1,7m
Desse ver gitt vekk til førstemann med ei plate melkesjokolade
[attachment=1]
[attachment=2]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 21:02:59
Om ting går litt på sjølvstyr, så trengs gjerne eit ratt, av den solide typen?
[attachment=1]
Ein pose Knott?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 10.09.2016, 21:04:52
BP er jo klassisk. Har fortsatt eit par av desse høgkvaltetsdunkane.
50,- eller bud? (Ei seld, men fortsatt eit par igjen...)
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanMandag 12.09.2016, 09:17:32
Jeg tar gjerne den grønne jerrykanna i stål og ei gul BP-kanne i plast, 100 spjas tilsammen..?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarMandag 12.09.2016, 13:35:28
Jeg tar gjerne den grønne jerrykanna i stål og ei gul BP-kanne i plast, 100 spjas tilsammen..?
Den er grei :)
Nokon plan for overtagelse? Eg køyrer Askøy-Haakonsvern daglig.....


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanMandag 12.09.2016, 16:12:22
Jeg tar gjerne den grønne jerrykanna i stål og ei gul BP-kanne i plast, 100 spjas tilsammen..?
Den er grei :)
Nokon plan for overtagelse? Eg køyrer Askøy-Haakonsvern daglig.....

Jeg skal opereres på Haukeland om et par dager, gir en lyd når jeg er oppe og går igjen. Eller er du hjemme ikveld..?

Jeg har 91697108 :)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarOnsdag 14.09.2016, 20:03:56
Takk for handelen til dei som har etterfyllt på eige lager ;)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanOnsdag 14.09.2016, 21:35:41
Takk for handelen til dei som har etterfyllt på eige lager ;)


Takk det samme, hyggelig å treffe deg, Ivar!  :thup


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 20.01.2017, 07:46:48
Har to flotte innretningar her, som passer fint inn i ein kvar strukturert og ryddig verkstad, (som dei aller fleste vel har?!?)

Det første er eit enkelt men funksjonabelt beslag til å montere under verkstadbenken. Det er akkurat passeleg til å plassera eit nytt, fint sveiseapparat i. Utrulig bra spesielt til Kemppi og Esab.
Det er ikkje nok med at du då får apparatet opp frå golvet, men det er i tillegg mulig å skyva beslaget inn og ut. Ein makalaus manik!

Og om ein ikkje har råd til sveiseapparat, så kan det jo også nyttast til å montera pc i., for dei som treng det i garasjen....

Herligheten ser slik ut;
Denne gjekk i spikaren
[attachment=1]



Som om ikkje det var nok, så er det fortsatt eit fantastisk produkt til eg skal avhenda.

På sida av sveiseapparatet, som no henger så fint under benken, så er det jo ein flott uutnytta plass, der ein skulle ha oppevart typiske ting som alle dei flotte blå Bosch koffertane, eller dei svarte Haset futterala, eller gjerne alle dei raude Biltema verktøyboksane.
Det er klart at alle desse blanke, reine verktøya blir flytta rundtomkring i lokalet, i tråd med oppdraga. Derfor er det av største viktighet at innretningen som skal ivareta funksjonen, er satt opp med hjul, som kan rullast og roterast i alle vindretningar. Då alle store garasjeanlegg har fall mot sluk, er det i tillegg anbragt bremsar på fleire av hjula, for å hindre at alt verktøyet til stadig siktar på sluken.
På den måten får ein det ryddig og strukturert i eit hektisk arbeidsmiljø.

Denne gjekk på export til Sotra

Denne geniale innretningen, som løyser alle desse oppgåvene på ein elegant måte, ser slik ut;
[attachment=2]


Som den våkne kjøparen ser med ein gong, så kan sjølvsagt hyllene justerast med enkle grep.

All denne herligheten må eg av fleire årsaker få ut av mitt sortiment.
For den av deko som er raskast, kan dette overhendast ganske så fort og enkelt, i byte mot uendeleg mange timar rustsveising på min luftkjølte, eller ei plate melkesjokolade av anerkjent fabrikat.

Foreslår henting, men eg kan sjølvsagt trampe det flatt, og sende i posten, mot dertil vederlag.

Høyrer frå deko, og husk køkultur ;D


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloSøndag 29.01.2017, 12:13:59
den esa di kan eg vera intrisert i, kor djupt er trauet på ho?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 31.01.2017, 23:28:10
Då er essa reservert til Tistlo.  :thup

Edit; ......og levert


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 07.04.2017, 13:38:13
Påsken er her øyeblikk, og med den så er vårryddinga i gong.
No når snøen er borte, så dukker det mest utruliga opp. Denne gongen er det ein traktorgravar som må bort, etter nesten 20 år.
Når sant skal seiast, så er jo ikkje denne inne på verkstaden. Den pleier å stå på utsida.
Men ved fleire anledningar når eg har rydda inne på verkstaden har den likevel vore sentral i prosessen......

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

Som det trente auge ser, så snakkar me her om ein Fordson Major Diesel frå tidleg 50-tal, med påmontert Hamjern 200 gravar bak, og Vossavinsj framme.
Sistnemde er delvis fråkobla.

Elles teknisk stand;
- startar
- køyrer
- graver
men:
- ladar ikkje
- lyser ikkje
- bremser marginalt
- er ikkje oljetett
- slepper lufta ut bak

Når eg no snart er ferdig med jorddungen på bilda, så har eg ikkje behov for den lenger. Trur eg....
Så då blir den ledig på den frie marknaden.

Eg vil påberopa meg retten til å;
- trekke den frå salg
- selga til kven eg vil
- til den prisen eg vil
- forkasta alle tilbod
- å forlanga lapp med heimante om at kjøpet er OK

Siste punktet er basert på eigne erfaringar ::)

Tipset er likevel å by mest, og henta når det passar meg ;)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarOnsdag 08.11.2017, 06:13:12
120 dager igjen.
Er ikkje so flink med denna ryddinga.

Traktoren er i alle fall seld, men ikkje levert.

Rydder inne på verkstaden igjen, og denne gongen er det eit lass med hyller til stålreol som vert gjevne bort. Eg visste ikkje at eg hadde dei ein gong.
Det er omlag 20-30 stykker. Måla er 30x95 cm og 40x95 cm.
Har ikkje skinnene som skal på veggen.
Dei er opprinneleg gråmalte, men er noko patinerte etter å ha vore lagra i snart 20 år.

Desse er det berre å komme å hente. Dei er lasta opp på tilhengaren, klargjort for siste reis.......

[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloOnsdag 08.11.2017, 18:48:35
eg kan kjøpa stålreolane dine:)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 11.11.2017, 19:03:08
Den er grei. har lite av veggskinner, men dei er vel std?!?
Når er du forbi? Dei er komme på hengaren, men kan lett plukka dei utav igjen :thup


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarOnsdag 15.11.2017, 15:37:59
Tom heilflaske for Argon byttes i to fulle heilfasker Baileys snarast. ;D


Edit;
Dette er ei 'eigeflaske', utan årlig kostnad, levert av anerkjent leverandør av gass. Produsert des. 1993, og kontrollert sist i 2003?!?
Tilsynelatande i svært god stand.

Ingen???


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanFredag 17.11.2017, 14:43:17
"Heilflaske" Argon (dekkgass til MIG, antar jeg...?), vil det si et type 150 cm høyt "beist" med atskillig vekt og høyt tyngdepunkt? Eller en mer folkelig og flyttbar variant?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 18.11.2017, 18:38:36
Den er av typen voksen ja. Står 50liter.
Så den er nok 150-60 cm.
Har vore til rustfri mig sveising av ein tidlegare eigar. Denne er utan den moderne chip'en på halsen, så den er nok uregistrert hos leverandør.......


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanMandag 20.11.2017, 12:52:53
Ok, da blir den for stor for meg (hvis det er lov å si...) :)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTorsdag 23.11.2017, 19:56:50
Ingen?!?

Verkeleg ???

1/2 pris då? Ei Baileys.....


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: hansFredag 24.11.2017, 01:00:46
henter den for ei flaske bailey jeg. kan jo ikke la folk tørste etter kaffe likør ?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 24.11.2017, 09:57:32
Pjuh! No blei eg letta!
Har så vondt for å tru at eg samlar på ting som absolutt ingen andre kan tenka seg å overta :-\

Så litt i kaffien, no før jul blir bra ;D

Når vil du hente? Har utandørs julemarknad på søndag (https://www.facebook.com/events/300302903787259/), så rimeleg hektisk denne helga, men kan jo sette den fram.....


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: hansFredag 24.11.2017, 18:23:56
er litt travel i helgen da vil skal overraske en av ungene med nytt rom. så om du ikke snubler i den kan vi kanskje ta det i slutten av uken/neste helg ?



Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarMandag 27.11.2017, 09:04:50
Det går heilt fint. i verste fall må den stå utomhus, då eg håper på å få plass til båten inne snart......


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: TistloTorsdag 30.11.2017, 19:19:11
har du reoldelane endå? kan kanskje få til eit hente-tiltak iløp av helga?



Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 01.12.2017, 13:05:19
Dei ligg her enno, faretruande nære tilhengaren igjen. Så det er berre å ta turen. Er heime, så langt eg veit :thup


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 18.01.2019, 21:03:55
Ny runde med rydding, i håp om å finne igjen ein Sika eg meiner eg satte frå meg einkvan plass.....
Denne gongen er det ein flott Trallfa pallejekk frå tidleg 80-tall som skal bort. I sine glansdagar løfta den 1500kg.
Litt mindre no, og ikkje so høgt heller......
Tar imot alle bud over ei plate Walters Mandler
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarFredag 18.01.2019, 21:34:14
Har forresten ein Hobart som kommer for salg på finn. Der kjem den til å bli annonsert som kafè oppvaskmaskin. Rustfri, med ekstern flytande såpe, ca 85grader vatn osv.
16A 3fas.
Me har hatt den i daglig bruk i over 5år, og no har ho oppgradert til nyare modell, men samme merke.
Her inne er den meir salgbar som ''delevaskar''

Blir lagt på finn for 1000,- så snart eg får tatt bilde av den, så førstemann er raskast, som alltid
Ser omlag slik ut
[attachment=1]


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: erikaFredag 18.01.2019, 23:22:54
Har forresten ein Hobart som kommer for salg på finn. Der kjem den til å bli annonsert som kafè oppvaskmaskin. Rustfri, med ekstern flytande såpe, ca 85grader vatn osv.
16A 3fas.
Me har hatt den i daglig bruk i over 5år, og no har ho oppgradert til nyare modell, men samme merke.
Her inne er den meir salgbar som ''delevaskar''

Blir lagt på finn for 1000,- så snart eg får tatt bilde av den, så førstemann er raskast, som alltid
Ser omlag slik ut
[attachment=1]

Burde vel være interessant for VWACB/Breistein å få inn i "produksjonslinjen"?


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: HenrikMandag 21.01.2019, 08:29:59
Har forresten ein Hobart som kommer for salg på finn. Der kjem den til å bli annonsert som kafè oppvaskmaskin. Rustfri, med ekstern flytande såpe, ca 85grader vatn osv.
16A 3fas.
Me har hatt den i daglig bruk i over 5år, og no har ho oppgradert til nyare modell, men samme merke.
Her inne er den meir salgbar som ''delevaskar''

Blir lagt på finn for 1000,- så snart eg får tatt bilde av den, så førstemann er raskast, som alltid
Ser omlag slik ut
[attachment=1]

Burde vel være interessant for VWACB/Breistein å få inn i "produksjonslinjen"?

Ja, vi er vel en oppvaskmaskin i manko etter at den gamle tok kvelden for noen år siden...


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarMandag 21.01.2019, 09:38:42
Då ligg den på finn, og i tråd med markedet, er den initielt lagt ut for 3000,- då det ligg ein identisk til 3500,-
https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=138479458

Fritt fram for å komme med bud  :)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanMandag 28.01.2019, 21:11:40
Hei Ivar
Vwacb byr 1.000 kr for oppvaskmaskina, til bruk på Breistein. Vi kan få hentet den 🙂


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarOnsdag 30.01.2019, 16:23:14
De blei eit døgn for seine, desverre  -/


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: SolanTorsdag 31.01.2019, 18:01:22
De blei eit døgn for seine, desverre  -/

Ja, det var en misforståelse mht hvem som skulle by eller ta kontakt, dessverre  ::)


Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarTirsdag 04.02.2020, 20:02:13
Det blei litt rydding utomhus, i det fine vårværet i dag.
Eg skal ha vekk desse flotte oljefata: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=169633038
Supert husfyll for nostalgikarar med akutt samlemani  ;D



Tittel: Sv: Den store verkstadryddingen
Skrevet av: IvarLørdag 30.01.2021, 18:34:13
Har foretatt hardhendt coronarydding i haust, utan at eg ser den heilt store forskjellen. BIR derimot, har fleire gonger kommentert omfanget på mine leveransar :o
Fann ei 3 tonn kjettingtalje som eg hverken har sakna eller brukt på meir enn 20 år.
Kan det tenkast at nokon her inne treng den? Fortsatt fullt fungerande!
Open for gode bud, eller bytte i lysebrunt førarsete til Late Bay i god stand 😁
[attachment=1]